Home » Sett på og behandle opptak gjort i Adobe Connect

Sett på og behandle opptak gjort i Adobe Connect

Å ha nettundervisning i Adobe Connect gir oss ein unik muligheit til å gjere opptak av undervisninga slik at studentane kan bruke det til å gå gjennom vanskeleg lærestoff på nytt eller til repetisjon seinare. Ein kan også bruke programmet til å gjøre opptak av ei læringsøkt eller ei førelesning som ein vil leggje ut til studentane.

Her finn du ein kort instrusjon om korleis sette på opptak i Adobe Connect

Nedanfor finn du ein video som viser korleis du finn fram opptak av nettundervisninga di.
Filmen viser også korleis du kan redigere opptaket. Redigering er avgrensa til å klippe vekk deler av
opptaket, t.d. pausar og utanomsnakk som ikkje treng vere med.
Du kan også sjå korleis du kan avgrense tida opptaket er tilgjengeleg.

Her finn du ei skriftleg rettleiing om å hente fram, redigere og leggje ut opptak i Adobe Connect