Home » Køyrereglar for deltaking på nettundervisning i Adobe Connect

Køyrereglar for deltaking på nettundervisning i Adobe Connect

Før du skal ha første nettundervisning med studentane, kan det vere lurt å førebu dei litt på korleis dette føregår. Sjølv om vi har vore i kontakt med studentane på førehand for å sjekke at det tekniske fungerer, har vi ikkje hatt opplæring i korleis dei skal oppføre seg og kva dei kan forvente av nettundervisninga. Nedanfor finn du eit skriv som kan vere lurt å legge ut til dei nye studentane før du skal ha første nettundervisninga. Dokumentet er skrive på bokmål, men sidan det ligg her i Word-format, kan du gjere dei endringane du vil i dokumentet før du legg det ut til studentane!

Tips til studentar som skal delta på nettundervisning for første gong