Home » Logge på Adobe Connect gjennom Feide

Logge på Adobe Connect gjennom Feide

logg-pa-med-feide-logo

Som lærar skal du ha Host-tilgang i Adobe Connect (AC). For at du skal få nytte av dine rettigheiter som Host, må du logge deg på med Feide-pålogging. Under finn du ein kort film som viser korleis du gjer det.

Studentane våre får som regel tildelt grupperom i AC der dei sjølve er Host og kan arbeide saman. For at dei skal få alle rettigheiter, er det viktig at dei loggar seg på med Feide. Vi har som regel at alle skal logge seg på med Feide også når vi har undervisning. Det er sjølvsagt ikkje krise om dei loggar seg på som Guest ein og anna gongen. Det er greit å vite at dersom dei har logga seg på som gjest og vil prøve å logge seg på med Feide, “hugsar” maskina  pålogginga, iallefall nokre timar, og dei må starte maskina på nytt for å få logga seg på med Feide. Denne filmen kan også leggjast ut til studentane viss du vil minne dei på om korleis dei loggar seg på med Feide.

Her finn du eit dokument med rettleiing som kan leggjast ut til studentane:

Rettleiing: Logg på med Feide