Home » Klargjering av arbeidsmaskina for Adobe Connect

Klargjering av arbeidsmaskina for Adobe Connect

Adobe Fix for kontormaskin ved HISF

Før du kan bruke Adobe Connect på kontormaskina di ved HiSF, treng du AdobeConnectFix.

Dersom du ikkje finn denne logoen med tannhjul på skrivebordet ditt, send ei melding eller ein e-post til 7600it om at du treng AdobeConnectFix, så ordnar dei det fort. Du skal alltid opne Adobe-rom ved å gå gjennom fix-en, elles vil ikkje Adobe sitt programtillegg opne seg og du får ikkje full funksjonalitet.

Klargjering av maskin

Du kan få hjelp til å klargjere maskina for Adobe Connect.  Send ein e-post til david.parmentier@hisf.no der du skriv kor du har kontor, kva tid du skal ha nettundervisning første gong og ber om å få klargjort maskina di.

Dette gjer du i god tid, minst 3 veker, før du skal ha di første undervisning.
Det går også fint å gjere dette arbeidet sjølv, det er fort gjort og du kan følgje instruksane under.

Du finn instruksar både som film og som dokument. Filmen viser korleis du bruker Adobe Connect Add In. Ikkje alle finner denne i Help-menyen. Dersom du ikkje gjør det, finner du info i den skriftlege rettleiinga under om korleis du installerer Add In. Den nye logoen til Adobe Connect ser slik ut:

Lenkje til filmen: Klargjering av maskina for Adobe Connect

Under bilde finn de lenkje til skriftleg rettleiing om klargjering av maskina.                   

Klargjering av maskina for Adobe: PDF-fil
Klargjering av maskina for Adobe: Word-fil som kan redigerast