Home » Eksamen i Adobe Connect

Eksamen i Adobe Connect

Matematikkseksjonen har sidan våren 2015 gjennomført munnleg eksamen i Adobe Connect, der studenten skal bruke eigen maskin med kamera og lyd og kan gjerne sitte heime dersom internett fungerer godt. Eksaminator og sensor sit på eigne kontor. Første gongen vi gjennomførte ein munnleg eksamen slik, var i kurset Rekning i alle fag, eit tilbod i Kompetanse for kvalitet, der Jon Henjum var fagansvarleg. Då fikk studentane velje om dei ville møte i Sogndal for munnleg eksamen eller ta den via Adobe Connect. 8 kandidatar valde å gjennomføre eksamen i Adobe Connect.  Hausten 2015 gjennomførte vi i munnleg gruppeeksamen i deltid og samlingsbasert Grunnskulelærarutdanning der 29 kandidatar i grupper på to og to gjennomførte munnleg eksamen i Matematikk 1 del 1. Studentane og dei fagtilsette var alle veldig fornøgd med denne formen på eksamen og gjennomførte også den munnlege eksamen med same gruppa våren 2016.

Våren 2016 fikk ei gruppe frå matematikkseksjonen, Jon Henjum, Anne Norstein, Helene Hauge og Bente Sollid, såkornmidlar frå Digital kompetanse-prosjektet ved HiSF til å utvikle Handbok for munnleg eksamen i Adobe Connect. Her på nettsida vil du finne tips og dokument som du kan bruke som utgangspunkt dersom du ønsker å finne ut meir om dette. Ta gjerne kontakt med ein av oss i prosjektgruppa viss du har spørsmål!

Praktisk gjennomføring – nokre tips