Home » Eit kort oversyn over korleis undervisning blir organisert ved HiSF

Eit kort oversyn over korleis undervisning blir organisert ved HiSF

Mange av utdanningane ved Høgskulen i Sogn og Fjordane er organiserte etter prinsipp om blanda læring. I det ligg det at læringsløpet er samansett av fleire ulike element som skal verke saman. Nokre av desse elementa er knytte til IKT-teknologi, så det er nødvendig å ha PC/datamaskin og linjetilgang av ein viss kvalitet når ein skal ta desse utdanningane.

Tradisjonell undervisning på høgskule- og universitetsnivå har tidlegare gjerne vorte oppfatta som førelesingar i store grupper, eventuelt kombinert med arbeid i mindre grupper og oppgåveskriving. Etter kvart har vi fått kurs som er meir samlingsbaserte, studentane møter t.d. på samling ein gong i månaden. Dette gjer det mogleg å studere for mange nye grupper, t.d. småbarnsforeldre, personar som er i arbeid, personar som ikkje kan flytte langt heimefrå osv.

Dette grev då nye måtar å organisere utdanningane på. Det må skje noko mellom kvar gong ein møtest til samlingar på campus. Vi vil no gje ei innføring i slike modellar, kva som er prinsippa, kva pedagogikk som ligg bak, kva ein må passe på og kva ein må vere førebudd på når ein byrjar på ei utdanning som byggjer på prinsippa om blanda læring.

Skjematisk kan vi framstille tradisjonell undervisning slik:

I blanda undervisning får vi inn fleire element i læringsprosessen. Ei slik organisering byggjer gjerne på eit prinsipp om studentaktive læringsformer, der studentane blir aktivisert i læringsprosessen.  Vi kan framstille dette slik:

tradisjonell-undervisning

I blanda undervisning får vi inn fleire element i læringsprosessen. Ei slik organisering byggjer gjerne på eit prinsipp om studentaktive læringsformer, der studentane blir aktivisert i læringsprosessen.  Vi kan framstille dette slik:

skisse-til-ein-blanda-pedagogikk

Nokre av desse elementa er kjende, slik som førelesing og oppgåveskriving, andre er meir ukjende, slik som  LMS og Nettmøteverktøy.

LMS (learning management system, nettbasert pedagogisk støttesystem) er ein nettstad som er utvikla og tilrettelagt for undervisning og læring. Dei mest vanlege i Noreg er Fronter og It’s learning. HiSF nyttar Fronter. Det andre elementet er det som blir kalla nettmøteverktøy. Det finst fleire typar slike. Ei enklare form for slike er Skype og Lync. Høgskulen nyttar verktøyet Adobe Connect.Dette er eit undervisningsverktøy som gjerne blir nytta i sanntid. Det vil seie at alle må vere til stades samstundes. Det er eit verktøy som kan kombinere lyd, bilete og tekst.

  • Læraren underviser. Studentane kan sjå læraren, han kan sjå dei, dei kan stille spørsmål
  • Læraren legg ut disposisjon eller anna stoff ti undervisninga
  • Læraren kan dele studentane inn i grupper som så diskuterer og deretter kjem saman att i klasserommet

Fyrste gongen de skal bruke Adobe Connect, er det ein del justeringar og innstillingar de må gjere. Vi har laga ein del korte instruksjonsvideoar om korleis de skal gjere dette.

Adobe Connect er eit relativt avansert verktøy som krev ein viss maskinkapasitet og linjekapasitet. Du vil få nærare beskjed om dette. Studentane vil gjerne sitje sitje heime ein og ein, og de brukar dykkar eigne maskiner her. Sidan det er innstillingar som må gjerast på maskina, er det ein fordel at du bruker same maskina heile tida.