Startside

I prosjektet Med eCampus på nett i lærarutdanningane har vi tatt utgangspunkt i mange års erfaring med ein modell  for GLU 1-7 deltid der vi har hatt fysiske samlingar kombinert med nettundervisning ved bruk av Adobe Connect. Det har vore vellukka og i 2014 bestemte vi oss for å prøve å utvikle eit ikt-støtta opplærings- og undervisningstilbod for ei samla, deltids BLU-utdanning etter same modell.

Eit av hovudmåla i prosjektet var å lage ei konkret opplæringspakke for lærarar og studentar, bygd på tidlegare erfaringar der vi brukar materiell som alt er laga, og korte filmsnuttar som er tilpassa formålet. Denne opplæringspakka prøver vi no å samle her på denne nettstaden og vi håper du som skal være lærar i studie der synkron nettundervisning inngår, vil finne mykje nyttig informasjon her!

Beste helsing prosjektgruppa ved HiSF

aud-marie-stundal
bente-sollid1
david-parmentier-1
eivind-rogne-1
hege-g-sviggum
ingebjorg-vikesland-1
jan-olav-fretland1
Aud Marie Stundal
Bente Sollid
David Parmentier
Eivind Rogne
Hege Gjerde Sviggum
Ingebjørg Vikesland
Jan Olav Fretland